Annonse

Real Madrids nye trenar: - Ikkje normalt å sleppe inn fire mål

Real Madrids ferske trenar Julen Lopetegui måtte erkjenne at dei liljekvite trøbla tungt defensivt mot Atlético i Uefas supercup.

Heile fire gonger måtte Real-keeper Keylor Navas plukke ut ballen frå eige nett under den europeiske supercupfinalen i Tallinn onsdag kveld. Byrival Atlético Madrid vann til slutt 4-2 etter ekstraomgangar.

- I finalar tapar det laget som gjer flest feil, og feil er Atlético ekspertar på å utnytte. Då vi var på vårt beste, utlikna dei til 2-2. Vi skal samle oss etter dette, sa Lopetegui etter kampen mellom førre sesongs meisterliga- og europaligavinnarar.

Atlético tok leiinga allereie etter eitt minutt i Estlands hovudstad. Diego Costa stod fram med ei praktscoring. Deretter slo Real Madrid tilbake og snudde kampen til 2-1 etter scoringar av Karim Benzema og Sergio Ramos (straffe).

Costa sørgde for at det vart ekstraomgangar då Atlético utnytta eit håplaust balltap signert Marcelo. I ekstraomgangane avgjorde Saul og Koke med kvart sitt mål.

- Det er leit, og det negative er at vi slepp inn fire mål. Det er ikkje normalt. Vi kjem heilt sikkert til å forbetre oss, sa Lopetegui.

Den tidlegare Real Madrid- og Barcelona-målvakta tok tidlegare i sommar over trenarjobben etter Zinédine Zidane. Han sa ja til Real-jobben rett før VM og vart derfor sparka som landslagssjef av Spanias fotballforbund like før verdsmeisterskapet i Russland.

Både Real Madrid og Atlético Madrid har premiere i den spanske ligaen til helga.

(©NPK)

Julen Lopetegui tapte sin første teljande kamp som Real Madrid-trenar. Foto: Mindaugas Kulbis / AP / NTB scanpix