Annonse

Ryanair ønsker forlik med oppsagt kabintilsett

(NPK-NTB-Jon Even Andersen): Advokaten som representerer den oppsagde Ryanair-tilsette Alessandra Cocca, meiner at selskapet prøver å vri seg unna med eit forsøk på forlik.

Ryanair ønskjer forlik med den Cocca som har saksøkt flyselskapet for usakleg oppseiing, opplyser pressetalsmann Ronan O'Keeffe.

– Sidan vi ikkje har noko personale stasjonert i Norge etter vi legg ned basen på Rygge ved utgangen av oktober, har det ikkje noko for seg å halde oppe anken til Høgsterett. Vi har difor bede om at arbeidsgjevaren til Cocca, Crewlink, søkjer å inngå forlik i søksmålet om usakleg oppseiing, skriv O'Keeffe i ein e-post til NTB.

– Dette vitnar om at Ryanair ikkje har forstått at dei er den reelle arbeidsgivaren, og at dei må ta omsyn til norsk lov. Det er litt merkeleg, eigentleg. Utspelet er nok eit døme på at Ryanair prøver å unngå realitetane i Coccas søksmål, seier Horn Johannessen til NTB.

Parat-advokaten meiner at den irske flygiganten ikkje kan skuve bemanningsselskapet Crewlink framfor seg.

– Ryanair var hennar reelle arbeidsgjevar. Det er Ryanair vi har saksøkt. Dei må framleis møte Cocca i Moss tingrett, samanfattar han.

– No blir dommen frå lagmannsretten ståande. Det inneber at norsk lov gjeld for tilsette som er stasjonerte i Noreg, seier Parats nestleiar Vegard Einan.

Parat meiner at når anken er trekt, vil det påverke tilsette i heile Europa.

– Lagmannsrettens dom inneber at utanlandsk personale som er stasjonerte i andre land, uansett flyselskap, er underlagt lova i landet dei bur i, med alt det inneber når det gjeld skatt, sjukdom, pensjon og vern mot usakleg oppseiing, seier Einan.

– Om Ryanair har eit ønske om å inngå forlik, så må dei ta kontakt med oss. Vi har ikkje reist noka sak mot Crewlink. Det er Ryanair som er vår motpart. Skulle eit slikt tilbod komme, frå Ryanair vel å merke, så må Cocca ta stilling til det, seier advokaten. (©NPK)