Annonse

Semje mellom Solstad Farstad og kreditorar

Solstad Farstads dotterselskap Solship Invest 3 AS har komme til semje med långivarane sine. Dotterselskapet har slite med likviditetsproblem.

Semja i forhandlingane som har vart sidan april, blei stadfesta i ei børsmelding fredag ettermiddag, skriv Sysla.

Solship Invest 3 AS eig Deep Sea Supply-reiarlaget, det eine av dei fire reiarlaga som slo seg saman til å bli Solstad Farstad i 2017. Reiarlaget restrukturerer no gjelda til Deep Sea Supply-delen av det fusjonerte storselskapet.

Avtalen inneber at 48 milliardar dollar som Solship Invest 3 skal betale til kreditorane, får utsett betalingsfrist til 31. desember 2019. Samtidig får Solship Invest 3 eit lån på 27 millionar dollar.

(©NPK)

Supplyskip frå Solstad Farstad ASA i opplag i Ålesund. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix