Annonse

Sesongslutt for Nadal

(NPK-NTB-AFP): Tennisstjerna Rafael Nadal har spelt si siste turnering for i år. Han vil konsentrere seg om å bli heilt frisk til neste sesong.

Det melde 30-åringen torsdag på Facebook-sida si.

Nadal har vore plaga av skadar gjennom heile sesongen og har for andre år på rad gjennomført ein heil sesong utan å supplere samlinga si av Grand Slam-titlar. Han står framleis med 14.

Ei handleddsskade tvinga han til å trekke seg frå Roland-Garros før 3. runde, og den heldt han ute av spel heilt til OL.

– Det er ingen løyndom om at eg kom til OL dårleg førebudd og ikkje heilt frisk, men målet var likevel å delta og vinne ein medalje for Spania. At eg kom for raskt tilbake har gjort at eg har slite med smerter sidan, og no er eg nøydd til å stoppe for i år og begynne å førebu 2017-sesongen, skreiv Nadal. (©NPK)