Annonse

- Sjølvmordsangrep i Kabul

Minst éin person er drepne i eit sjølvmordsangrep utanfor eit valkontor i Afghanistans hovudstad Kabul, opplyser afghanske tenestemenn ifølgje Reuters.

Mange demonstrantar var samla på staden der bomba gjekk av.

Minst éin politimann vart drepen og ein annan vart såra, opplyser kjeldene ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Demonstrantane var samla for å vise si støtte til ein kandidat som valmyndigheitene ikkje har villa godkjenne fordi han er mistenkt for kontaktar med «ulovlege, væpna grupper».

(©NPK)