Annonse

Sp vil felle Slettås-flokken

Senterpartiet fremjar onsdag eit forslag i Stortinget om å felle ulvane i den mykje omtalte Slettås-flokken. 

«Stortinget ber regjeringa om å gje fellingsløyve for Slettås-flokken i tråd med den lokale rovviltnemndas ynskje», heiter det i forslaget frå Sp.

Partiet varsla allereie sist veke at det ville ta opp kampen for å få skote ulvane som inngår i Slettås-flokken. Grunngjevinga for forslaget er at flokken ifølgje Sp gjer stor skade, trugar dei lokale næringane og oppfører seg aggressivt.

Flokken har endra åtferd og har ved fleire høve gått tett på busetnad, ifølgje Senterpartiet. Forslaget både fremjast og voterast over onsdag.

Departementet gav nyleg fellingsløyve på 42 ulvar, 16 av dei innanfor ulvesona. Men miljøminister Vidar Helgesen (H) har førebels freda Slettås-flokken.

- Det verkar som om Helgesen trur ulvesona er eit slags reservat for ulv. Det er den ikkje, og det har Stortinget fleire gonger poengtert overfor Helgesen, sa Sps Sandra Borch då saka blei debattert 1. desember.

(©NPK)

Ulvesona er ikkje eit reservat for ulv, understrekar Sps Sandra Borch. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix