Annonse

Statfjord tilbake til normal drift etter brann

(NPK-NTB): Produksjonen går igjen som normalt etter at ein brann på Statfjord A-plattforma i Nordsjøen gjorde at ho måtte stengjast ned for ei dryg veke sidan.

Ifølgje Stavanger Aftenblad vart anlegget klargjort natt til fredag, og i morgontimane starta produksjonen opp.

– Produksjonen vart gradvis jobba opp og var i stabil drift i helga, seier pressetalsmann Morten Eek i Statoil.

Det var søndag 16. oktober at dei tilsette på Statfjord A-plattform måtte evakuerast etter at det oppstod brann i ei pumpe i eit utstyrsskaft. Hendinga vert granska av Petroleumstilsynet. Ingen vart skadde, men tilsynet meiner det som skjedde, var alvorleg nok til at menneskeliv kunne ha gått tapt. (©NPK)