Annonse

Statoil kuttar rundt 500 årsverk

Statoil-leiinga varslar eit stillingskutt tilsvarande 350 årsverk. I tillegg ventar fagforeiningane kutt på ytterlegare 212 årsverk.

Pressekontakt Morten Eek i Statoil stadfestar at det er planlagt ei nedbemanning tilsvarande 350 årsverk, skriv Stavanger Aftenblad. I tillegg opplyser Industri Energi, Lederne og Safe at det vert lagt opp til ein ytterlegare reduksjon på 212 årsverk.

- I utgangspunktet ligg det til grunn ei avgjerd om å redusere i underkant av 500 årsverk dei neste tre åra, seier Per Steinar Stamnes i Industri Energi.

Statoil håpar å kunne gjennomføre nedbemanninga utan oppseiingar og sluttpakkar, men gjennom naturleg avgang. Alle fagforeiningane er sterkt kritiske til stillingskutta og fryktar dei blant anna skal gå ut over sikkerheita ved installasjonane offshore.

- Tilsette må jobbe dobbelt så fort som tidlegare. Dette vil gå ut over vedlikehaldet, seier Terje Herland, tillitsvalt i Lederne i Statoil.

I dag er det om lag 4.000 tilsette i Statoil i sokkelbemanninga, Utvikling og produksjon Norge (UPN). Blant desse er det også landstilsette.

(©NPK)