Annonse

Store skilnader i kommunale avgifter

(NPK-NTB): Nesten 14.000 kroner skil kommunen som er billegast og kommunen som er dyrast på kommunale avgifter. Avgiftene har auka med 2,5 prosent i 2016.

Den årlege undersøkinga som Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort for Huseiernes Landsforbund viser at norske bustadeigarar i snitt betalar 12.780 kroner i kommunale avgifter, ifølgje VG. Undersøkinga omfattar avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing og tek utgangspunkt i ein standard bustad på 120 kvadratmeter.

Høylandet i Nord-Trøndelag er den kommunen som tek høgast avgifter med 19.953 kroner, medan innbyggjarane i Årdal i Sogn og Fjordane slepp billegast unna, med ei totalrekning på 6.058 kroner.

På lista over dei dyraste kommunane finn vi mellom anna Dovre, Tysfjord, Nesseby og Søndre Land, medan Trondheim, Volda, Stavanger, Sandnes og Sandefjord er blant dei billegaste.

Tidlegare i sommar viste ei liknande undersøking frå Norsk Familieøkonomi at Gjemnes på Nordmøre var den dyraste kommunen, medan Sola var billegast. Også denne undersøkinga avdekte store skilnader. (©NPK)