Annonse

SV-forslag om republikk får støtte frå fleire

(NPK-NTB): SV synest det er heilt konge at representantar frå Høgre og Venstre for første gong er med på grunnlovsforslaget om å gjere Noreg til republikk.

Fristen for å fremje grunnlovsforslag i denne perioden gjekk ut fredag, og SV nytta høve til å leggje fram gjengangaren som seinast blei votert over i vår.

Då blei det som vanleg nedstemt med overveldande margin, men 26 stortingsrepresentantar stemte for. Blant dei var Ap-nestleiar Hadia Tajik og 15 av hennar partifellar i tillegg til seks frå SV, tre frå Venstre og Heidi Nordby Lunde frå Høgre.

Lunde er medforslagsstillar til SV og Ap denne gongen, til liks med Iselin Nybø og Sveinung Rotevatn frå Venstre.

Ei grunnlovsendring krev to tredels fleirtal i Stortinget. Forslaga må leggjast fram i eitt av dei tre første åra i éin stortingsperiode og voterast over i den neste. Republikkforslaget som blei fremja no, vil altså først bli realitetsbehandla etter stortingsvalet. (©NPK)