Annonse

Svendsen diagnostisert med tarmsjukdom

(NPK-NTB): Emil Hegle Svendsen trur ein irritabel tarm kan vere årsaka til formsvingingane han har opplevd dei siste åra. No har skiskyttaren lagt om kosthaldet.

– Eg har tatt mange testar etter sesongen i fjor, og der har det komme fram at eg har noko som heiter irritabel tarmsyndrom. Det er på ein måte ein diagnose ein får når dei ikkje finn noko meir alvorleg, seier Emil Hegle Svendsen til NRK.

«Super-Svendsen» har no lagt om kosten for å få orden på magen – og forma. Han håper på større stabilitet framover.

– Eg har kutta ut kveitemjøl, mjølk, sportsdrikk og juice. Ting som inneheld fruktose er veldig dårleg for magen min. Då er det eigentleg berre å halde seg borte frå det, seier Svendsen, som allereie føler seg friskare. (©NPK)