Annonse

Tine fryktar mjølkemangel - ber om krisemøte

Tine fryktar at den ekstreme tørken som får stadig fleire bønder til å slakte kyrne sine, skal føre til mjølkemangel. Nå ber dei regjeringa om eit krisemøte.

I brevet til Landbruksdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag skriv Tine at det er ein aukande fare for underskot av mjølk utover hausten og vinteren, ifølgje Klassekampen.

«I mange delar av landet kan situasjonen framleis bli hjelpt dersom det kjem regn dei nærmaste dagane, men vêrprognosar indikerer ikkje vesentlege nedbørsmengde», skriv Tine. Samvirkeselskapet legg til at kundane har begynt å uroe seg for leveringsevna deira.

Norske bønder fortviler over den verste sommartørken sidan 1947. Tørken har ført til fôrmangel, og mange bønder har begynt å slakte besetningane sine. I brevet ber Tine om eit møte med departementet og organisasjonane for å drøfte tiltak som kan stimulere mjølkeproduksjonen.

- Tine har ennå ikkje avgjort kva slags ra?d vi skal gi departementet, som avgjer slike spørsma?l. Brevet er meint som eit varsel om ein situasjon som kan bli alvorleg, seier organisasjonssjef Eli Reistad i Tine til Klassekampen.

Tine har fleire gonger den siste månaden åtvara bønder mot forhasta slakting av storfe. Dei har også tilbode over 500 bønder å få køyrt vatn til seterdrifta, slik at dyra kan bli lengre på utmarksbeite under fôrkrisen.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix