Annonse

Trav: Italiensk Oslo GP-vinnar diska etter positiv dopingprøve

Den italienske travaren Urlo dei Venti er fråteke sigeren i årets Oslo Grand Prix. Det skjer etter at også B-prøva viste funn av kortison.

Sigeren blir i staden gitt til trønderhesten Evil Enok ME, skriv Trav- og Galopp-Nytt.

- Det er ikkje overraskande, sidan det er sjeldan at B-prøva viser noko anna enn A-prøva. Men det er ei trist sak, og vi håpar vi kjem til botns i kva som har skjedd, seier generalsekretær Svein Morten Bueri i Det Norske Travselskap (DNT).

Det var onsdag det blei kjent at Urlo dei Venti hadde testa positivt for det forbode stoffet triamcinolonacetonid. Det blei tatt både blod- og urinprøver av hesten etter det norske storløpet på Bjerke 10. juni. Begge prøvene inneheldt spor av kortisonet.

Hestens eigar, Stefano Simonelli, sa dette då dopingsaka blei kjent:

- Eg kan ikkje forstå korleis Urlo dei Venti kan ha testa positivt for triamcinolonacetonid, og er veldig lei meg for det som har hendt. Eg vil samarbeide med DNT etter beste evne for å finne ut kva som har skjedd.

Førstepremien i Oslo Grand Prix var på 1,5 millionar kroner, medan det var 750.000 for andreplassen.

(©NPK)

Også B-prøva til Urlo dei Venti viste funn av kortison. Dermed mister den italienske travaren sigeren i årets Oslo Grand Prix. Foto: Eirik Stenhaug / Equus / NTB scanpix