Annonse

Tusenvis demonstrerte mot Romanias regjering

Tusenvis av rumenarar protesterte mot styresmaktene og nye lovforslag som kritikarane meiner vil gjere det vanskelegare å kjempe mot korrupsjon.

Rundt 10.000 menneske samla seg utanfor regjeringskontora i hovudstaden Bucuresti onsdag. Det var også demonstrasjonar i minst ti andre byar.

Fleire demonstrantar vart arresterte, inkludert ein tysk journalist som står bak ein dokumentar som kritiserer Liviu Dragnea, partileiaren i det sosialdemokratiske partiet (PSD). Han vart seinare lauslaten, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

Rumenarane protesterte mot fleire kontroversielle lover som vart vedtatt måndag. Kritikarane meiner desse er til fordel for medlemmer av PSD, inkludert Dragnea, som er under etterforsking for korrupsjon.

Ekspertar seier dei nye lovene ikkje tillèt nok tid for denne typen etterforsking, og at dei set restriksjonar for kva bevismateriale som kan brukast.

Sidan valet i desember 2016 har Romania blitt styrt av PSD, men partiet er prega av intern maktkamp. Partiet har måtta hanskast med fleire masseprotestar og kraftig kritikk for ikkje å ha følgt opp sitt valløfte om å slå ned på korrupsjon. I staden har regjeringa prøvd å vedta lover som blant anna inneber lågare straff for visse former for korrupsjon.

(©NPK)