Annonse

Vitesse ventar på Ødegaard-svar

Vitesse håpar å lande ein Martin Ødegaard-overgang, men sportsdirektøren i den nederlandske klubben innrømmer at det er ein tøff dragkamp om nordmannen.

Dei siste dagane har Vitesse segla opp som ein heit kandidat til å få låne Ødegaard frå Real Madrid, men det er ikkje gitt at det blir slik.

- Vi kjem til å ha kontakt dei kommande dagane. Det er ikkje lett, for det er mange klubber som er interessert i han, men vi håpar framleis at han kjem til Vitesse, seier sportsdirektør Marc van Hintum til avisa De Telegraaf.

Det var Nettavisen som omtalte saka først.

Fredag snakka Vitesse-trenar Leonid Slutskij om interessa for Ødegaard.

- Vi får sjå, dersom han ikkje har signert ein kontrakt så er det ikkje offisielt. Eg håper at det blir offisielt, sa russaren til FOX Sports.

Ødegaard har tidlegare spelt på lån i ein annan klubb i den nederlandske æresdivisjonen, nemleg Heerenveen.

(©NPK)

Det er stor rift om Martin Ødegaard. Foto: Berit Roald / NTB scanpix