Annonse

Viviani tok sin tredje etappesiger i Giroen

Elia Viviani vann spurten på den 13. etappen i Giro d'Italia fredag. Det var den tredje sigeren til italienaren i rittet, men den første på italiensk jord.

Quick-Step-ryttaren vann to av dei tre etappane da rittet starta i Israel. Han måtte vente nesten to veker på å kunne feire ein verkeleg heimesiger, men fredag var tida inne.

- Dette er fantastisk. Etter nokre vanskelege dagar var dette akkurat det eg trong, og det laget trong. Dei har jobba hardt for meg fleire dagar og fortente dette, sa Viviani, ifølgje cyclingnews.com.

- Det har vore nokre dagar der ting slett ikkje gjekk vår veg, men vi kjempar hardt for at eg skal kunne ha poengtrøya heilt til mål i Roma, og vi hadde veldig lyst på ein ny siger etter den flotte starten i Israel.

Revansj

Torsdag sleit Viviani tungt i kulde og regn og vart hekta av før spurten. Derfor var det ein spesielt velsmakande revansj fredag.

Etter 180 flate kilometer frå Ferrara til Nervesa della Battaglia vart det som venta massespurt. Det siste brotet vart henta inn seks kilometer før mål, og derfrå var det opp til spurtarane og opptrekkarane deira.

Sam Bennett (Bora) og Viviani hadde begge to etappesigrar i Giroen i år, og til sist stod det om kven av dei som skulle få sin tredje. Iren kom sterkt mot slutten, men Viviani heldt seg føre og kunne juble for siger.

Nederlendaren Danny van Poppel (LottoNL) vart nummer tre.

Yates i rosa

Samanlagt vart det ingen vesentlege endringar. Briten Simon Yates frå Mitchelton-laget held fram med den rosa leiartrøya før ryttarane laurdag legg ut på ein tøff fjelletappe til Monte Zoncolan. Han er 47 sekund føre Tom Dumoulin.

I kampen om den grøne poengtrøya har Viviani 237 poeng og er 40 føre Sam Bennett.

Noregs Giro-deltakar Vegard Stake Laengen kom inn med hovudfeltet til 80.-plass fredag. Samanlagt er han nummer 123, nesten to timar bak leiaren.

(©NPK)

Elia Viviani tok fredag sin tredje etappesiger i Giro d'Italia. Foto: Daniel Dal Zennaro, ANSA via AP / NTB scanpix