Annonse

Viviani vann igjen i Giroen

Elia Viviani tok sin fjerde etappesiger under Giro d'Italia onsdag.

Quick Step har vore svært gode til å berekne spurten denne sesongen, og igjen var det ein av ryttarane på laget som var bestemann. Viviani var eigentleg ikkje spesielt trua i det regntunge vêret, og han tok etappen føre iren Sam Bennett på den våte asfalten.

Bennett var svært skuffa over at han ikkje tok sin tredje etappesiger.

- Eg hadde eit par glepptak og fann inga opning. Eg kom i gang for seint, sa Bennett.

Da var det meir sus over Viviani i etterkant. Han var ikkje overraska over at det vart ein tøff etappe med mange brotforsøk, slik det ofte blir dagen etter ein tempoetappe.

- I dag gjorde vi alt rett, og med god hjelp gjekk det. Ein fantastisk dag for oss, konkluderte Viviani overfor Eurosport.

Viviani er den første italienaren på fire år til å vinne fire etappar i éi og same utgåva av Giro d'Italia.

Alle samanlagtfavorittane kom seg heilskinna til mål, og Simon Yates er framleis mannen som har den rosa leiartrøya etter den 17. etappen over 155 kilometer frå Riva del Garda til Iseo.

Noregs neste deltakar, Vegard Stake Laengen, kom inn til 113.-plass med 6.35 minutt opp til Elia Viviani.

(©NPK)

Elia Viviani var igjen best under onsdagsetappen i Giro d'Italia. Foto: Daniel Dal Zennaro / AP / NTB scanpix.