Annonse

WHO varslar om spreiing av meslingar i Europa

Verdshelseorganisasjonen (WHO) ber innstendig landa i Europa om å vaksinere fleire mot meslingar. Smittetala er mykje høgare enn i fjor.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) ber innstendig landa i Europa om å vaksinere fleire mot meslingar. Smittetala er mykje høgare enn i fjor.

Så mange som 41.000 smittetilfelle er registrert frå januar til juni, ein stor auke frå 2017, da talet på smitta for heile året var 24.000. Dette igjen var ei firedobling frå 2016. Det første halvåret 2018 har sjukdommen kravd 37 menneskeliv, ikkje dramatisk over fjorårsnivået på 35 omkomne.

- Etter det låge talet for 2016 har vi sett ein dramatisk auke i talet på smitta. Dessutan strekkjer utbrota seg over større område, seier regionaldirektør for WHO i Europa Zsuzsanna Jakab.

WHO seier at fallande bruk av vaksinar og dårleg dekning blant svake og utsette grupper er noko av forklaringa på dei høge tala i første halvår. For å hindre større utbrot meiner WHO at dekningsprosenten må vere på 95 prosent av befolkninga.

Sju land registrerte over 1.000 tilfelle i første halvår i år: Frankrike, Georgia, Hellas, Italia, Russland, Serbia og Ukraina.

Ukraina står med sine 23.000 tilfelle for over halvparten av det samla smittetalet i 53 land i Europa. Serbia hadde flest dødsfall med 14.

Meslingar er ein svært smittsam sjukdom. Han blir spreidd gjennom nysing, hosting, nær personleg kontakt eller direkte kontakt med spytt eller slim frå smitta personar. Barn og gravide som ikkje er vaksinerte, er særleg utsette for meslingar, ifølgje WHO.

(©NPK)

MMR-vaksine som mellom anna gir vern mot meslingar. Foto: Lise Åserud / NTB SCANPIX.