Annonse

Windingstad tukta Kilde i superkombinasjonen

Rasmus Windingstad gjekk til topps i superkombinasjon for menn i NM. Aleksander Aamodt Kilde tok sølv, medan Sebastian Foss Solevåg tok bronsen.

Rasmus Windingstad låg som nummer fire føre den avsluttande slalåmdelen. Han hadde berre tiande beste tid i slalåmen, men klarte å halde unna for landslagsløparen Aleksander Aamodt Kilde. Det skilte 14/100 sekund mellom dei to.

Kilde var nummer seks etter utforen og hadde den femte beste tida i slalåmen. Sebastian Foss-Solevaag var raskast i avslutninga, men det heldt berre til å avansere ti plasseringar frå utforen. Han var 0,20 sekund bak vinnaren i mål og enda på tredjeplass.

Det var Stian Saugestad som leidde med 0,48 sekund på Tomas Markegaard etter utforen. Saugestad tok fjerdeplassen til slutt, det skilte 8/100 til ein plass på pallen.

(©NPK)