Annonse

180 ordførarar skeptiske til domstolsreform

I alt 180 ordførarar har underteikna eit opprop mot den varsla reforma i domstolane og krev ei utgreiing av ho.

I alt 178 ordførarar og to fylkesordførarar fryktar den varsla reforma i domstolane vil føre til ei sentralisering av den tredje statsmakta «uten å ta hensyn til protestene fra dem som risikerer å miste sin tingrett og jordskifterett», skriv Nationen.

Reforma vil redusere 60 tingrettar og 69 rettsstader til 23 tingrettar, men behalde same talet på rettsstader. Ingen arbeidsplassar skal etter planen leggjast ned. Regjeringa er avhengig av støtte frå Framstegspartiet for å få reforma gjennom. Partiet har tidlegare sagt dei er imot reforma, men har no bringa reforma inn i forhandlingane om nytt statsbudsjett.

Ordførarane krev no at ho ikkje blir avgjord som del av forhandlingane om nytt statsbudsjett.

– Det er for alvorleg tematikk til at det skal bli sausa saman med statsbudsjettforhandlingane, seier talspersonen for oppropet, ordførar Sigrun Prestbakmo (Sp) frå Salangen i Sør-Troms.

Justispolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, Peter Frølich, stadfestar at reforma er ein del av forhandlingane om statsbudsjettet, men avviser at noko «sauses sammen».

– Reforma blir behandla sjølvstendig i justiskomiteen, seier han til Nationen.

(©NPK)