Annonse

283.700 liter olje ut i sjøen etter fregatthavariet

Miljøkonsekvensane av fregattkollisjonen i fjor blir omtalt som små, sjølv om nesten 300.000 liter olje lak ut frå havaristen.

Nye utrekningar frå Kystverket viser at KNM Helge Ingstad lak 283,7 kubikkmeter med olje etter forliset ved Stureterminalen i Øygarden. Det aller meste var marin diesel, melder NRK.

Fregatten Helge Ingstad og tankskipet Sola TS kolliderte natt til 8. november i fjor. Marinefartøyet fekk ei stor flenge i skroget og sokk på grunt vatn i Hjeltefjorden. Skipet vart liggande i fjæresteinane nord for Stureterminalen i Øygarden i nesten fire månader før det vart heva og frakta til Haakonsvern i Bergen.

Etter å ha samla alle prøveresultat og synfaringar, ferdigstiller Havforskingsinstituttet i desse dagane den endelege rapporten om konsekvensane for miljøet etter fregattkollisjonen. Havforskingsinstituttet omtaler miljøkonsekvensane som små.

- Årsaka er at forureininga har skjedd over fleire månader og over eit stort område. Dieselolja er eit produkt som fordampar og forsvinn ganske raskt, seier sjefforskar Jarle Klungsøyr i Havforskingsinstituttet.

Likevel har dei registrert mellom 50 og 200 sjøfugl som dei trur er tilgrisa av olje. Det gjeld stort sett gråmåker, ærfugl og siland.

Klungsøyr minner om kor uendeleg mykje verre det kunne gått. Oljetankaren hadde 625.000 fat råolje om bord.

- Hadde tankaren mista lasta, hadde det gitt ein katastrofe av dimensjonar vi ikkje har sett i Noreg før. Fjorden hadde vorte kraftig forureina og også kysten nordover. Vi skal vere veldig glade for at det ikkje skjedde.

(©NPK)

Den havarerte fregatten KNM Helge Ingstad fotografert 14. november. Helge Ingstad kolliderte med oljetankaren TS Sola fredag 8. november 2018. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix