Annonse

33 døde etter jordskred i Colombia

Det endelege talet på omkomne etter eit jordskred i Colombia sist helg er 33, opplyser styresmaktene.

Etter å ha grave i fem dagar i leira som dekte fleire hus sørvest i landet, seier krisehandteringsstyresmaktene i landet at liket av den siste sakna er henta ut. Redningsarbeidarane har fjerna tonnevis med jord for å finne dei 28 vaksne og barna som døydde i byen Rosas.

Eit leirskred utløyst av kraftig regn dekte fleire hus i byen søndag. Skredet er den verste ulykka så langt i årets regnsesong, som starta for ein dryg månad sidan.

50 år gamle Gerardo Torres mista 15 familiemedlemmer.

- Eg gravlegg familien min. Eg må takka lokalsamfunnet i Rosas, for alle her har hjelpt meg med å finne familien min. Utan den innsatsen, hadde eg vore heilt åleine med spaden min, seier han.

Skredet stengde òg den delen av den panamerikanske hovudvegen som knyt byen Cali saman med hovudstaden Quito i nabolandet Ecuador.

(©NPK)