Annonse

80 journalistar drepne og 60 kidnappa i 2018

Så langt i 2018 har minst 80 journalistar vorte drepne. Meir enn halvparten av drapa skjedde i Afghanistan, Syria, Mexico og Jemen.

15 journalistar er drepne i Afghanistan, elleve vart drepne i Syria, ni i Mexico, åtte i Jemen og seks i India i år, viser ein oversikt gjort av presseorganisasjonen Reporters Without Borders.

Seks journalistar døydde også i USA i løpet av året, der fire av dei vart drepne i angrepet mot avisa Capital Gazette i Maryland.

Ved utgangen av 2018 har også 60 journalistar vorte kidnappa, det er seks fleire enn året før. Kidnappingane er mest hyppige i Midtausten, særleg i Syria, Jemen og Irak.

I løpet av året har også 348 journalistar vorte fengsla rundt om i verda. Dei fleste av dei i Kina (60 journalistar), Egypt (38), Tyrkia (33), Iran (28) og Saudi-Arabia (28), ifølgje organisasjonen.

Til saman 702 journalistar har vorte drepne rundt om i verda dei siste ti åra.

Drapet som fekk mest merksemd, er drapet på den saudiarabiske regimekritikaren Jamal Khashoggi. Journalisten vart drepen og partert på det saudiarabiske konsulatet i Tyrkia i starten av oktober.

(©NPK)

Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi er ein av 80 journalistar som vart drepne i 2018. Foto: AP / NTB scanpix