Annonse

99,98 prosent frammøte ved val i Nord-Korea

99,98 prosent av veljarane møtte fram då det søndag vart halde val i Nord-Korea.

Frammøteprosenten på 99,98 var ei betring på 0.01 prosentpoeng i forhold til talet som vart kunngjort etter valet i 2015.

Om det ikkje har vore blanke stemmer, inneber det òg at 99,98 prosent av veljarane stemte på dei same kandidatane, gitt at det i alle valkretsar berre var éin kandidat.

Det er berre dei som er utanlands eller på havet, som ikkje hadde høve til å møte fram, ifølgje det offisielle nyheitsbyrået KCNA, som la til at også gamle og sjuke kunne stemme i mobile valurner.

Leiaren i landet, Kim Jong-un, avla sjølv stemme i Nord-Hamgyong-provinsen, der han stemte for to kandidatar til det lokale styret.

Valet som finn stad kvart fjerde år, er i berre eit politisk ritual for at styresmaktene kan hevde dei har eit folkeleg mandat.

(©NPK)

Nordkoreanarane møter fram i finstasen for å stemme i ein veskefabrikk som for høvet var gjort til vallokale i Nord-Korea søndag. Foto: Jon Chol Jin / AP / NTB scanpix