Annonse

Kim Hiorthøy blei den yngste klassikaren gjennom tidene

Multikunstnaren Kim Hiorthøy blei torsdag den yngste vinnaren av Klassikerprisen for visuell kommunikasjon.

Det er Grafill - norsk organisasjon for visuell kommunikasjon som torsdag delte ut Visueltprisane, som kårar framifrå grafisk design, illustrasjon, moving image og digital design. Om Klassikerprisen heiter det at prisen går til ein utøvar som har halde høg fagleg kvalitet og hatt mykje å seia for faget sitt gjennom mange år.

44 år gamle Kim Hiorthøy har gjennom litt over to tiår, og med det Grafill kallar "en imponerende produktivitet og kunstnerisk allsidighet", vore med på å prega ei lang rekkje kunstfelt: Om ein er interessert i alt frå alternativ musikk, samtidskunst, teikning, film, design, illustrasjon og etter kvart også dans, er det ikkje til å unngå at ein støyter på namnet hans, heiter det vidare i grunngjevinga.

Hiortøy dukka først opp som "U"-programleiar på 90-talet. Så tok han til å illustrera barnebøker for mellom andre Erlend Loe og "Kurt". Han har også designa alle plateomslaga for Rune Grammofon og Smalltown Supersound. Dette feltet kan han visa til dobbelt Spellemannpris for - den gongen det blei delt ut pris for beste plateomslag: I 1994 for "Timothy's Monster" til Motorpsycho og i 1995 "Kan det være nødvendig å være så sint?" for Racer BK.

Han har også sytt for innhaldet - gjennom å gje ut ei rekkje elektronikaalbum, der det siste er "Dogs" i 2014. Det har resultert i Alarmpris og ei rekkje Spellemann-nominasjonar. No skriv han musikk for samtidsdansekompani. Etter å ha vore filmfotograf på fleire av filmane til Margreth Olin, hadde langfilmdebuten hans, "The Rules for Everything", premiere på norske kinoar - og begeistra filmmeldarane.

(©NPK)

Multikunstnaren Kim Hiorthøy prøver stadig nye kunstuttrykk - og biletet er frå debuten som langfilmregissør med "The Rules for Everything" i januar, med hovudrolleinnehavar Tindra Hillestad Pack. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix