Annonse

Advokat: Frode Berg-rettssaka startar 2. april

Rettssaka mot Frode Berg startar 2. april i Moskva, opplyser den russiske advokaten hans, Ilja Novikov.

- Rettssaka mot norske Frode Berg etter tiltalen om spionasje vil byrje i byretten i Moskva 2. april klokka 14:00, skriv Novikov på Twitter måndag ettermiddag.

Før helga vart det kjent at tiltalen mot nordmannen var klar og var oversendt byretten. Innhaldet i tiltalen er ikkje kjent.

Ein talsperson for retten uttalte at saka vil gå for lukka dører. Bakgrunnen er at det sikkerheitsgradert materiale vil bli omtalt.

Spionsikta Frode Berg i samtale med sin russiske advokat Ilja Novikov (t.v.) under ankebehandlinga av eit fengslingsmøte i byretten i Moskva i juni i fjor. Måndag kom nyheita om at rettssaka mot nordmannen vil starte 2. april. Foto: Tore Meek / NTB scanpix