Annonse

Ap opp, medan MDG og KrF går tilbake i ny måling

Vårt Lands oktobermåling viser at SV plukkar veljarar frå Ap og Sp. Ap og Sp stig likevel, medan KrF og MDG går ned til lågt på tretalet.

Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet stig med 0,7 prosentpoeng frå førre måling, til 28 prosent – den beste Vårt Land-målinga for Ap sidan januar 2019. Sidan stortingsvalet har partiet stige med 1,7 prosentpoeng.

Bakgrunnstala viser at SV har henta 12.000 veljarar frå Ap og 14.000 frå Sp. Sp har dessutan mista 5.000 veljarar til Raudt, men har henta veljarar frå Frp, KrF og gruppa «andre».

SV får 8,9 prosents oppslutning, opp 0,2 prosentpoeng. Sp går fram 0,4 prosentpoeng, og oppnår 13,2 prosent.

MDG er taparen i målinga og går tilbake med 1,2 prosentpoeng frå førre måling. Nedgangen plasserer partiet på 3,2 prosent.

For resten av partia er oppslutninga som følgjer: Raudt 4,7 (+0,7), KrF 3,1 (-0,4), Venstre 4,7 (+0,4), Høgre 21,1 (+0,3), Frp 11,0 (-0,2) og andre 2,2 (-1,0).

Målinga vart gjennomført av Norstat for Vårt Land frå 19. til 24. oktober, og har 953 respondentar. Feilmarginen er mellom 1,1 og 3,4 prosentpoeng, og er størst for dei største partia.

(©NPK)

Statsminister Jonas Gahr Støres Ap oppnår 28 prosent oppslutning på den ferske Vårt Land-målinga. Det er partiets bestenotering sidan januar 2019. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB