Annonse

Åsane signerte back frå rival

Ryan Doghman forlèt Raufoss og har signert kontrakt med 1. divisjonskollega Åsane.

Oslo-guten var på utgåande kontrakt med Raufoss førre sesong. Etter å ha takka nei til eit forlengt kontraktstilbod frå klubben, vart Åsane neste steg, melder bergensklubben på nettsidene sine måndag.

Trenar Morten Røssland er svært fornøgd med signeringa.

– Ryan Doghman er berre 23 år, men allereie ein svært erfaren OBOS-spelar. Han legg gode innlegg, er presis med begge beina og gjer som oftast veldig kloke val i spelet sitt. Han er rask og hardtarbeidande, seier han

Det 23-året gamle backen er fornøgd med samtalane med trenar Røssland før han signerte,

– Eg hadde ein god samtale med Morten Røssland og vart veldig interesserte, seier han.

Doghman legg til at måten Åsane speler på vil passe han godt, og at han gleder seg til å bli kjend med den nye klubben sin.

(©NPK)

Ryan Doghman (t.v.) jublar etter scoring for Raufoss. Foto: Geir Olsen / NTB