Annonse

Assange med utbrot i rettssalen – klaga på avstand til forsvararane

Julian Assange kom onsdag med eit kort utbrot i rettssalen som følgje av at han må sitje fysisk skild frå sine eigne forsvararar.

Den 48 år gamle WikiLeaks-grunnleggjaren reiste seg opp frå plassen sin som er omgitt av glas, og retta kraftig kritikk mot at han er plassert i ein annan del av rettssalen enn sine eigne forsvararar.

– Eg kan ikkje snakke ordentleg fortruleg med advokatane mine, sa Assange og viste til at mikrofonane ved plassen hans kan plukke opp alle samtalar.

– Eg kan ikkje spørje, eg kan ikkje instruere dei. Det er ein heil haug med folk som sit der, og det er mikrofonar. Denne saka har allereie hatt nok spionar på advokatane mine som det er, sa Assange.

Onsdag var tredje dagen av rettshøyringa som skal avgjere om Assange kan utleverast til USA, der han risikerer ein svært hard dom viss han blir funnen skuldig i spionasje.

Høyringa er venta å vare i fem dagar før retten trer saman igjen i mai.

Dommaren, Vanessa Baraitser, hadde like før utbrotet bede Assanges advokatar om å sjekke klienten sin fordi ho meinte han verka sliten.

Etter utbrotet vedtok ho at retten skulle ta ein kort pause.

(©NPK)

Demonstrantar protesterer mot behandlinga av Julian Assange utanfor Woolwich Crown Court søraust i London. Domstolen ligg like ved fengselet Belmarsh, der Assange har sete innesperra sidan han vart arrestert i Ecuadors ambassade i London i april 2019. Foto: Matt Dunham / AP / NTB scanpix