Annonse

Åtte menn vil bli leiar for Oljefondet

Det største statlege investeringsfondet i verda, Oljefondet, er på jakt etter ny sjef, og åtte menn kan tenkje seg å passe den gigantiske pengebingen.

Yngve Slyngstad, som har leidd Statens pensjonsfond utland i tolv år, varsla i fjor haust at han gir seg.

Verdien av fondet passerte då 10.000 milliardar kroner, og sentralbanksjef Øystein Olsen starta leitinga etter ein etterfølgjar.

No er søkjarlista klar og inneheld åtte namn, alle menn, eitt av dei er ikkje offentleg.

Grande favoritt

Blant dei som skil seg ut på søkjarlista, er noverande viseadministrerande direktør i Oljefondet, Trond Grande (49), som har vore Slyngstads høgre hand sidan 2011.

– Trond Grande ville neppe ha søkt jobben viss han ikkje hadde fått ymtingar om at han kom til å få han. Det vil vere eit trygt val. Han er ein god administrator, seier førsteamanuensis Espen Henriksen ved BI til E24.

Den yngste på lista er 30 år gamle Jake Tai frå Singapore, som er lista som «senior consultant» i Financial Services Advisory.

Gjengangarar

Salssjef Yngvar Willy Andersen frå Askøy er eit heller ukjent namn i finansverda og markerte seg sist i media med lesarinnlegg mot bompengar i lokalavisa Askøyværingen.

Den eldste søkjaren er 64 år gamle Thorbjørn Gaarder, som er ein gjengangar på søkjarlister til toppjobbar og tidlegare mellom anna har søkt på stillinga som politimeister i Oslo og generalsekretær i Noregs presseforbund.

52 år gamle Pål Renli, som er dagleg leiar i firmaet Rentech og oppgir tittelen «senior investments project manager», har òg søkt på stillinga. Det same har regissør Anders M. Halberg, som bur i Storbritannia, og avdelingsdirektør Olav Bø (45).

(©NPK)

Yngve Slyngstad (t.v.) gir seg som leiar for Oljefondet, og sentralbanksjef Øystein Olsen har no åtte menn på lista over dei som håper å overta. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix