Annonse

BA: Noreg søker handball-VM for menn i 2025 - saman med Danmark og Kroatia

Noreg kjem truleg til å søke om å få arrangere handball-VM for menn i 2025, saman med Danmark og Kroatia, skriv Bergensavisen.

- Vi har komme såpass langt at vi er samde om hovudtrekka i ein modell for gjennomføring, inkludert fordeling av meisterskapen, seier generalsekretær Erik Langerud i Norges Håndballforbund til avisa.

Langerud seier at målet er å sende ein felles søknad saman med Kroatia og Danmark. Planen er at Noreg skal arrangere to innleiande grupper, ei gruppe i hovudrunden, ein kvartfinale, ein semifinale og finalen.

- Sånn sett er Noreg hovudarrangør, seier Langerud til BA.

Eventuelle arenaer er ikkje bestemte, men Bergen, Sotra, Lillehammer, Trondheim, Drammen og Oslo er aktuelle arrangørstader.

(©NPK)