Annonse

Bane Nor skil ut drift og vedlikehald

Bane Nor opprettar eit separat selskap for vedlikehald og drift av jernbanen. Drygt 1.000 av dei 4.500 tilsette i Bane Nor blir overførte til det nye selskapet.

Det nye aksjeselskapet skal vera eit heileigd dotterselskap av Bane Nor og skal på oppdrag frå morselskapet utføra drift og vedlikehald, skriv Bane Nor i ei pressemelding.

- Med etablering av det nye selskapet får vi eit tydeleg skilje i rollene der Bane Nor blir tingar av tenester og det nye selskapet blir utførar av drift og vedlikehald på jernbanen, seier styreleiar Siri Hatlen i Bane Nor.

Neste fase etter at det nye selskapet er oppretta, blir konkurranseutsetjing gjennom utlysing av kontraktar.

- Skal vera føreseieleg

- Fram til konkurranseutsetjinga startar, vil Bane Nor utvikla gode system og rutinar for kjøp av tenester innan drift og vedlikehald, seier Hatlen.

- Erfaringane frå etablering av eit kunde- og leverandørforhold internt i konsernet vil gje betre grunnlag for gjennomføring av konkurranseutsetjinga, seier konsernsjef Gorm Frimannslund. Han seier den nye organiseringa skal gjera det føreseieleg for dei tilsette og halda kompetansen samla.

- Nokså positivt

Dei tilsette ønskjer ikkje at verksemda skal konkurranseutsetjast, men har reagert «forholdsvis positivt» på opprettinga av det nye aksjeselskapet, opplyser nestleiar Kjell Næss i Norsk Jernbaneforbund til VG.

- Alternativet var at dei blei konkurranseutsett direkte og dei hadde mista jobben sin. No har dei moglegheit til å bli ein del av ein tilbodsprosess, seier Næss.

Han legg til at han framleis håpar prosessen med konkurranseutsetjing blir stoppa.

Tidsplanen for konkurranseutsetjing blir offentleggjort etter at han er behandla i styret 19. desember.

(©NPK)

Drift og vedlikehald skal skiljast ut i eit eige aksjeselskap som Bane Nor skal eiga heile delen av. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix