Annonse

Barcelona vann stort trass Piqué-brølar – Tokmac imponerte på fødselsdagen

Tokmac Nguen og Ferencváros opna friskt, men fekk ein fotballeksjon av Barcelona på Camp Nou. 17-åringen Ansu Fati sprudla i 5-1-sigeren til spanjolane.

Fati skåra eit fint mål seint i første omgang og la opp til eit anna tidleg i den andre. Angrepstrioen beståande av han, Lionel Messi og Philippe Coutinho vart rett og slett for mykje å stoppe for Ferencváros, som spelte den første meisterligakampen sin sidan 1995.

Likevel fekk Nguen markert seg på 27-årsdagen. Han skåra eit vakkert mål som vart annullert for offside, skapte sjansar og skaffa òg straffesparket som førte til målet til gjestene. Gerard Piqué drog trøya nesten av han og vart utvist.

– Eg er glad på klubbens vegner, som er tilbake i Meisterligaen for første gong på 25 år. Vi viste at vi kan spele fotball, men det vart vanskeleg mot Barcelona, som er favorittlaget mitt og i auga mine det beste laget i verda, sa nordmannen i eit intervju vist på Viasat.

Nguen sette ballen i mål på vakkert vis etter ti minutt, men vart korrekt vinka av for ein rett nok hårfin offside.

Noko seinare sette han opp angrepskollega Isael, som hamra ballen i tverrliggjaren. På det tidspunktet hadde gjestene vore fullt på høgd med Barcelona.

Offensiv magi

Men så lenge ein har Lionel Messi på banen kan kampbiletet snu raskt. Den vesle argentinaren skaffa seg straffespark då han vart felt av Adnan Kovacevic etter 26 minutt, og straffa sette han sjølv trygt i mål.

Med 1-0-leiinga såg det ut til å losne for heimelaga. Fati brende ein stor sjanse før han lukkast etter nydeleg forarbeid av Frenkie de Jong fire minutt før pause. Nederlendaren vippa fri tenåringen, som avslutta kaldt på heil volley til 2–0.

Etter pausen heldt Barcelona fram i same spor, og fint kombinasjonsspel vart avslutta av Coutinho i det 52. minuttet i kampen. Fati fann brasilianaren med ein fin hælflikk, og Coutinho hamra inn 3–0.

Raudt kort

Det skulle likevel ikkje bli ein siger utan dramatikk for Barca. Etter 67 minutt vart Nguen rive ned av Piqué på løp i boksen til vertane. Piqué vart utvist, medan Ferencváros fekk straffespark som Igor Kharatin omsette i skåring.

Det hjelpte lite for gjestene, all den tid Barcelona heldt fram med å setje dei under kraftig press. Innbytar Ousmane Dembélé fann ein annan innbytar, 17-åringen Pedri, som gjorde 4–1 etter 81 minutt.

På tampen teikna òg Dembélé seg på skåringslista då han fekk ballen av Messi og hamra inn 5–1.

Morata-dobbel

I den andre kampen i gruppa i Meisterligaen GRAM fekk Juventus ein solid start borte mot Dynamo Kiev. Begge måla i 2-0-sigeren vart skåra av Álvaro Morata.

Det første målet kom i første minutt etter pause. Dinamo-målvakt Georgij Bustsjan gav retur på eit skot frå Dejan Kulusevski, og Morata var raskt framme og sette ballen i mål.

Det var den første sjansen til spanjolen, og Morata var ikkje mykje involverte i spelet i kampen på tysdag. Han skulle likevel vise evne til å dukke opp føre mål igjen etter 83 minutt. Juan Cuadrado slo inn frå høgre, og Morata hadde plassert seg godt i feltet og stanga inn 2–0.

Det vesle minuset på tysdag for Juventus var at forsvarsveteranen Giorgio Chiellini måtte ut med skade. Han vart erstatta av Merih Demiral allereie etter 18 minutt, tilsynelatande med ein strekk.

(©NPK)

Norske Tokmac Nguen imponerte for Ferencváros i bortekampen mot Barcelona sjølv om det enda med 1-5-tap. Her er han i duell med Gerard Piqué, som i 2. omgang vart utvist for å ha rive han ned og laga straffespark. Foto: Joan Monfort, AP / NTB

Ansu Fati var blant dei leiande spelarane då Barcelona høvla over Ferencváros med 5–1. Foto: Joan Monfort / AP / NTB

Álvaro Morata vart tomålsscorar for Juventus mot Dynamo Kiev. Foto: Valentin Ogirenko / AP / NTB