Annonse

Barn skadd i fallulykke ved Rampestreken i Åndalsnes

Eit barn under ti år vart skadd i ei fallulykke ved Rampestreken i Åndalsnes i Rauma kommune måndag. Barnet vart henta ut av fjellet og frakta til sjukehus.

Barnet var medvite heile tida og vart sendt til Ålesund sjukehus, opplyser politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Det var klokka 11.43 måndag at politiet fekk melding om ei fallulykke frå området ved utsiktspunktet Rampestreken. Ein luftambulanse henta det skadde barnet ned frå fjellet.

– Personar saman med barnet opplyste om at vedkommande var medvite, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Omstenda rundt fallet og skadeomfanget er førebels uklart.

Skadestadsleiar Per Tore Storbråten seier til Åndalsnes Avis at barnet fall mellom ti og femten meter i området under utsiktspunktet.

(©NPK)