Annonse

Belgisk overrasking i regnvåt Tour-premiere: Lampaert i gult etter supertempo

Yves Lampaert (31) tok sin første siger på Grand Tour-nivå då han i Københavns gater slo til med klar bestetid på opningstempoet i Tour de France.

Det låg lenge an til siger og gul leiartrøye til Wout Van Aert, men Lampaert ville det annleis. Belgiaren var i mål 4,55 sekund føre sin landsmann.

Rekn preget første halvdel av tempoet i den danske hovudstaden fredag. Det pøste ned då dei første favorittane gjorde unna strekninga på 13,2 kilometer, men nedbøren gav seg etter kvart.

Dermed fekk Lampaert gunstigare vilkår på ein mindre vått vegbane. Ingen av ryttarane som kom etter han, greidde å slå tida 15.17,76. Etappesigeren var Quick-Step-syklistens første i eit Grand Tour-ritt.

Van Aert sat med stram maske i leiarstolen då han innsåg at han ikkje kom til å vinne. Tidlegare på kvelden knuste han tida til Italias tempoverdsmeister Filippo Ganna, men det var ikkje nok.

Tadej Pogacar har vunne Tour de France dei to siste åra. Slovenaren unngjekk uhell og var tredje raskast på opningsetappen fredag. Med det fekk han ein solid start på tittelforsvaret sitt.

(©NPK)

Yves Lampaert slo til med ein uventa siger på fredagens opningstempo i Tour de France. Foto: Daniel Cole / AP / NTB