Annonse

Bibelskulestudent (22) døydde etter badeulykke i Israel

Ein 22 år gammal student ved Bildøy bibelskule på Sotra er død etter å ha vorte alvorleg skadd i ei badeulykke i Israel tysdag førre veke.

- Det er med sorg vi kunngjer at studenten som vart alvorleg skadd i ei badeulykke i Israel, tysdag 5.11.2019, i dag tidleg tysdag 12.11.2019 er erklært død av legepersonell ved sjukehuset i Afula, Israel, skriv Bildøy bibelskule på nettsidene sine.

Den 22 år gamle mannen kjem frå Fana i Bergen, og var på skuletur i Israel då ulykka skjedde. Den næraste familien er til stades på sjukehuset i Afula.

- Skulen vil arrangere ei samling med kriseteam og bedriftshelsetenesta til stades for å ta vare på studentar og tilsette. Det vil seinare bli lagt opp til ei intern minnestund for studentar og tilsette på skulen. Vi takkar for forståing for at vi i denne krevjande situasjonen ønsker å skjerme studentar og tilsette, skriv skulen.

Det blir samtidig opplyst at det ikkje vil bli gitt nokon ytterlegare informasjon til pressa, etter ønske frå den næraste pårørande til mannen.

(©NPK)