Annonse

Bollestad: Mattilsynet avhengig av godt omdømme

Landbruksministeren reagerte kraftig på Mattilsynets feilaktige rapport om ein minkfarm i Rogaland og tar til etterretning at tilsynssjefen no går av.

- Harald Gjein har orientert meg om at han ønsker å bli løyst frå stillinga si som administrerande direktør med umiddelbar verknad, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) til NTB.

- Eg tar ønsket hans om å fråtre til etterretning og vil takke han for den jobben han har gjort for norsk matproduksjon gjennom åtte år. Dette er eit val han sjølv har gjort, seier statsråden.

Ho understrekar samtidig sterkt at det viktigaste er Mattilsynets truverd, ikkje minst i lys av den mykje omtalte rapporten frå Rogaland.

- Vi er avhengig av at Mattilsynet har eit godt omdømme, at det har tillit både hos bønder, produsentar av næringsmiddel og mat, hos oss forbrukarar og i det offentlege, seier Bollestad.

Ho vil førebels ikkje seie om det er aktuelt å gjere slik Senterpartiet har kravd, nemleg setje i verk ei uavhengig gransking av Mattilsynet.

- Den nye fungerande leiinga må faktisk få lov til å finne ut kva som er best for Mattilsynet for å kunne bygge opp tilliten igjen, seier ho.

(©NPK)

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) er opptatt av at tilliten til Mattilsynet må byggast opp igjen etter ein feilaktig rapport om ein pelsdyrfarm i Rogaland. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix