Annonse

Brækhus-comeback utsett grunna bryllaupsreisa til Jennifer Lopez

Cecilia Brækhus skulle eigentleg gjort comeback i bokseringen i august, men no er kampen utsett sidan Jennifer Lopez skal på bryllaupsreise.

Det får VG opplyst via hovudsponsoren til Brækhus, Betsson.

– Ho ville prioritere bryllaupsreisa si. Det er så klart utruleg synd, men ho skulle «headline» konserten under arrangementet, så den colombianske promotoren valde å utsetje heile stemnet, fortel Brækhus til avisa via sponsoren.

Lopez gifta seg med skodespelaren Ben Affleck tidlegare i sommar og har valt å reise på bryllaupsreise i Europa i staden for å syngje før Brækhus sitt comeback.

Den tidlegare verdsmeisteren innrømmer at situasjonen er spesiell og fortel at det no blir jobba på spreng for å finne ein ny dato for boksekampen.

Brækhus skal møte svenske Patricia Berghult i kampen om WBC-beltet i superweltervekt. Bergensaren har ikkje boksa ein kamp sidan ho tapte for andre gong mot Jessica McCaskill i mars 2021.

– Eg er i god form og held meg klar, seier Brækhus.

(©NPK)

Cecilia Brækhus må vente med comebacket sitt i bokseringen etter at heile stemnet vart flytta som følgje av at Jennifer Lopez har valt å dra på bryllaupsreise. Foto: Ed Mulholland/Matchroom / NTB