Annonse

Brexitavstemming blir utsett

Den britiske regjeringa har avgjort å utsette ei planlagt avstemming om statsminister Theresa Mays nye brexitplan.

Dei folkevalde vil bli oppdaterte om saka når dei kjem tilbake frå ferie, opplyste ein representant for regjeringa torsdag.

Underhuset tar pause frå 23. mai til 4. juni.

Den opphavlege planen var å halde avstemminga i veka som startar 3. juni. Men det nye tilbodet til statsministeren har møtt massiv kritikk både hos opposisjonen og blant medlemmer av hennar eige parti, og rykta svirrar no i London om at ho truleg vil kunngjere sin avgang dei næraste dagane, kanskje allereie fredag.

(©NPK)