Annonse

Brynjulf Risnes: Berg treng tid til å finne ut korleis han har det

Den norske advokaten til Frode Berg, Brynjulf Risnes, seier at Berg treng tid til å finne ut korleis han har det. Det er uvisst om Berg kjem til Noreg fredag.

Berg vart utlevert til Litauen fredag formiddag, og Risnes er i landet for å møte han.

- Vi skal slappe av og snakke saman i kveld og dra tilbake til familien etter kvart. Tidspunktet er ikkje fastsett enno, skriv Risnes i ein SMS til NTB.

På spørsmål om Berg kjem til Oslo fredag, svarer advokaten:

- Det er ikkje bestemt.

- Korleis har Berg det no?

- Eg trur han treng litt tid til å finne ut av korleis har det, skriv Risnes og legg til:

- Han vil trenge tid i fred og ro med familien etter den påkjenninga han har vore gjennom.

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide held pressekonferanse om overleveringa av Berg klokka 18.30.

(©NPK)

Brynjulf Risnes er i Litauen for å møte Frode Berg.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix