Annonse

Danske Banks toppsjef går av etter kvitvaskingssak

Danske Banks administrerande direktør Thomas F. Borgen går av som følgje av kvitvaskingssaka, opplyser banken i ei børsmelding.

Avgangen vart kunngjort onsdag morgon, same dag som Danske Bank skulle legge fram ein rapport om den interne granskinga etter kvitvaskingsskuldingane.

Danske Bank har ikkje vore i stand til å avdekkje det fullstendige omfanget av mistenkjelege transaksjonar via filialen i Estland, heiter det.

(©NPK)