Annonse

Dei første utsleppsfrie hurtigbåtane i verda i Noreg i 2024

Sogn og Fjordane vil bli først i verda med å krevje utsleppsfrie hurtigbåtar, og vil ha fossilfri drift frå 2024. Klimaverstingen ureinar meir enn fly.

Hurtigbåtar på diesel står for eit enormt utslepp og ureinar meir enn fly per person per kilometer, ifølgje Sysla.

Noreg har lenge ønskt å gjere noko med dette, og Sogn og Fjordane ser ut til å bli først i verda med krav om utsleppsfrie hurtigbåtar når dei nye rutene i fylket skal ut på anbod. 30. april 2022 går dagens kontraktar på drift av dagens 18 ruter ut, inkludert ekspressbåtar mellom Bergen og Sogn og Nordfjord, lange ruter som no er klimaverstingar, skal bli grøne.

Framlegget til anbod er no sendt på høyring til industrien, for å sjå om det er mogleg å levere i samsvar med krava og innan drifta skal i gang i 2024.

- Vi legg anbodet ut på høyring for å kvalitetssikre det og sjekke at krava er realistiske og fornuftige. Det er industrien som har fasiten, seier assisterande fylkesdirektør Øystein Hunvik.

Hurtigbåttrafikken mellom Sogn og Fjordane og Bergen står, ifølgje fylkeskommunen, for nesten 40 prosent av utsleppa frå kollektivtrafikken i Sogn og Fjordane per i dag.

Det endelege anbodet skal ut 20. november.

(©NPK)

Hurtigbåtar på diesel ureinar meir enn fly, dersom ein reknar etter utslepp per passasjerkilometer. Her er hurtigbåten «Grip» på veg ut frå hamna i Molde. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix