Annonse

Duda tilkjent sigeren i svært jamn polsk valduell

Andrzej Duda sit med 51,21 prosent av stemmene i det polske presidentvalet etter at 99,97 prosent av stemmene er talde opp, opplyser valkommisjonen i landet.

Utfordrer Rafal Trzaskowski enda med 48,79 prosent av stemmene i den svært jamne andre valomgangen. Han kapra svært mange av dei stemmene som gjekk til andre kandidatar i den første valomgangen i juni, men altså ikkje nok til å slå Duda.

Dermed går det mot fem nye år ved makta for den sitjande presidenten, som har bakgrunn frå regjeringspartiet Løyve og rettferd (PiS).

Tok sigeren litt på forskot

Duda erklærte seg sjølv som vinnar allereie søndag kveld, sjølv om avstanden til Trzaskowski var så liten at resultatet kunne snu før teljinga var klar. Valdeltakinga var på rekordhøge 67,9 prosent.

– Lenge leve Polen! Å vinne valet med 70 prosents frammøte er verkeleg utruleg. Eg er særs rørt. Takk til alle følgjarane mine, sa Duda på ei valvake i byen Pultusk, 60 kilometer nord for Warszawa.

Sjølv om resultatet viser at landet er delt omtrent på midten, opnar Dudas fornya mandat for at den konservative politikken i Polen blir vidareført. Duda var medlem av PiS fram til han vart president for fem år sidan, men i tråd med polsk tradisjon om at presidenten ikkje skal ha noko partitilknyting, melde han seg ut av partiet.

Dødt sprang

Trzaskowski var ein langt meir liberal kandidat, som mellom anna har gått ut med støtte til likekjønna partnarskap i eit land der den katolske kyrkja står sterkt og homofile sine rettar står svakt. Sjølv om PiS uansett har fleirtal i nasjonalforsamlinga, var det venta at Trzaskowski kunne stikke kjeppar i hjula for delar av den konservative politikken ved å bruke vetoretten presidenten har.

Det polske valet skulle opphavleg vore halde i mai, men vart utsett i siste liten på grunn av koronakrisa. Trzaskowski kom inn i siste liten som kandidat for partiet Borgarplattformen (PO).

Medan forgjengaren hans som PO-kandidat låg under 10 prosent på meiningsmålingane, vart Trzaskowski raskt ein reell utfordrar til Duda. Meiningsmålingane før valet viste så godt som dødt løp, men til slutt var det Duda som trekte det lengste strået.

(©NPK)

Polens president Andrzej Duda innkasserte sigeren søndag kveld, sjølv om resultatet var svært jamnt og teljinga langt frå var ferdig. Måndag morgen erklærte valkommisjonen han som vinnar. Foto: Czarek Sokolowski / AP / NTB scanpix