Annonse

Dyrebeskyttelsen bekymra over uetisk avl

Dyrebeskyttelsen har sendt 20 bekymringsmeldingar om uetisk avl av familiedyr. - Dyrplageri, seier den daglege leiaren i organisasjonen, Åshild Roaldset.

Dyrebeskyttelsen sende i januar 20 bekymringsmeldingar til Mattilsynet. Dyrevernorganisasjonen ønsker å setje problemet om uetisk avl av mellom anna utstillingshundar på dagsorden, med kampanjen «Ærlig talt».

- Vi veit at mange hunderasar opplever grufulle helseutfordringar eine og åleine på grunn av den einsidige avlen, seier dagleg leiar og veterinær Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen i ei pressemelding.

Ho viser til konkrete tilfelle hos enkelte rasar med nyresvikt, pusteproblem, allergiar og hjarteproblem og at rasen var ganske annleis for 50 til 100 år sidan.

- I lov om dyrevelferd heiter det at grove regelbrot skal straffast med tre års fengsel, så dette er noko lovgivarane våre ser på som alvorlege regelbrot. Trass i dette har ingen hittil vorte dømte for å avle dyr som slit med å puste eller som ikkje kan føde sjølv, seier Roaldset.

Dyrebeskyttelsen forlanger at styresmaktene gjer noko med problemet og krev ei forskrift som regulerer avl av hund, katt og kanin med heimel i dyrevelferdslova §25, som omhandlar at «avl skal fremme eigenskapar som gir robuste dyr med god funksjon og helse».

- Då kan både oppdrettarar, avlsorganisasjonar, raseklubbar og Mattilsynet få eit verktøy til å vurdere om avlen er innanfor lovverket eller ikkje, seier Roaldset.

(©NPK)