Annonse

Energibransjen fryktar mangel på arbeidskraft

Mangel på kompetent arbeidskraft kan bremse energiomstillinga, ifølgje rapport frå DNV.

I den nyaste utgåva av den årlege rapporten «Energy Industry Insights» peikar bransjen på mangelen på kvalifisert arbeidskraft som den viktigaste hindringa for vekst, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det har gått frå å vere ei bekymring om kva vi skal gjere med alle oljeingeniørane, til korleis vi skal omskulere dei fort nok, seier Hans Kristian Danielsen. Han er direktør for DNVs avdeling Energy Systems i Noreg.

I 2022 ser dei fleste i energibransjen ut til å ville investere i havvind. Det gjeld både flytande og botnfast, ifølgje rapporten. Også karbonfangst- og lagring og hydrogen er populært i Noreg. Eit fleirtal av deltakarane i undersøkinga meiner hydrogen vil bli ein betydeleg del av energimiksen innan 2030.

– Svara viser at omstillinga går fort, så fort at delar av olje- og gassbransjen slit med finansiering til prosjekt med litt lengre horisontar, seier Danielsen.

Ein tredel av olje- og gasselskapa seier dei slit med å skaffe pengar til prosjekta sine.

Over 1000 fagfolk og leiarar i bransjen har vore med i undersøkinga rapporten byggjer på.

(©NPK)

Vindkraft til havs er ein favorittinvestering i energisektoren, men mangel på folk med den rette kompetansen kan bremse veksten, fryktar folk i bransjen. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK