Annonse

EU: INF-avtalen må reddast

EU-kommisjonen ber USA og Russland om å fortsette dialogen for å sikre at INF-avtalen blir vidareført.

INF-avtalen er ein «hjørnestein» for europeisk sikkerheit og eit viktig element i nedrustingsarbeidet, poengterer Maja Kocijancic, talskvinne for EUs utanrikssjef Federica Mogherini. Ho påpeikar at avtalen har ført til fjerning av nærmare 3.000 rakettar.

EU oppfordrar no USA og Russland til å fortsette med ein konstruktiv dialog for å sikre at avtalen blir vidareført, seier Kocijancic.

INF-avtalen vart inngått i 1987. Den forbyr alle landbaserte rakettar av mellomdistansetypen.

USAs president Donald Trump kunngjorde laurdag at amerikanarane vil trekke seg frå avtalen fordi Russland bryt den. Russland nektar for dette.

(©NPK)