Annonse

Facebook-feil kan ha gjort bilda til 7 millionar brukarar synlege utan løyve

Facebook innrømmer ein feil som har gitt 1.500 ulike appar tilgang til upubliserte Facebook-bilde frå 6,8 millionar brukarar.

- Vi beklagar at dette har skjedd, skriv Facebook i eit blogginnlegg omtalt av Washington Post fredag.

Selskapet viser til ein programfeil som varte i tolv dagar i september før han vart avdekt. Feilen gjorde at så mange som 1.500 ulike appar fekk tilgang til bilde som «folk lasta opp til Facebook, men ikkje hadde valt å publisere».

Som følgje av programfeilen, kunne rundt 1.500 appar få tilgang til «eit breiare utval av bilde enn vanleg». Vanlegvis tillèt Facebook appar frå tredjepartsutviklarar å få tilgang til bilde som brukarane har delt på sine tidslinjer. Men feilen kan ha gitt tredjepartsutviklarane tilgang til bilde lagt ut på Marketplace, ein Facebook-seksjon der ein kan selje og kjøpe varer, og på Stories, der brukarane kan dele foto- eller videooppdateringar som er synlege i 24 timar.

- I byrjinga av neste veke skal vi rulle ut verktøy til apputviklarar som gjer dei i stand til å slå fast kva for personar som har brukt deira appar og som kan ha vorte ramma av programfeilen. Vi skal samarbeide med utviklarane og slette bilda frå brukarane det gjeld, skriv Facebook.

(©NPK)

Facebook innrømmer at bilde frå opptil 6,8 millionar brukarar kan ha blitt publiserte utan løyve. Foto: AP / NTB scanpix