Annonse

Fann klede som dei trur tilhøyrer dei sakna i Kvam

Politiet opplyser at det er gjort funn av det som truleg er klede som tilhøyrer dei sakna i Tokagjelselva i Kvam. Dei sakna er ikkje funne.

Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68) vart tekne av straumen i Tokagjelselva søndag kveld og er enno ikkje funne.

På ein pressekonferanse onsdag opplyser politiet at det er gjort nye funn av gjenstandar i elva.

– Redningsmannskap har teke seg ned og lokalisert gjenstandane og teke dei med seg opp igjen. Dette er gjenstandar som det er grunn til å tru at tilhøyrer dei sakna. Det er primært klede og andre ting, seier innsatsleiar Svein Laupsa.

(©NPK)

Tre personar er sakna etter å ha vorte tatt av straumen i elva ved Tokagjelet i Kvam. Foto: Marit Hommedal / NTB