Annonse

Fannemel er send til sjukehus etter fall

Anders Fannemel fall på hopptrening i Polen og vart send til sjukehus torsdag.

- Fannemel hoppa 140 meter og fall då han landa. Han skadde kneet, seier landslagstrenar Alexander Stöckl i ein video på Twitter-kontoen til hopplandslaget.

28-åringen gjorde ifølgje Stöckl eit godt treningshopp i anlegget i den polske byen Wis?a, men etter fallet vart han send til sjukehuset.

- No er han på sjukehuset, der dei undersøker kor stor skaden er. Vi veit ikkje enno, så vi må vente og sjå, seier Stöckl.

(©NPK)

Anders Fannemel måtte til sjukehus etter å ha falle på trening i Polen torsdag.
Foto: Geir Olsen / NTB scanpix