Annonse

FHI byrjar å sjå effekt av oppfriskingsdosane

Oppfriskingsdosane av koronavaksinar som har vorte gitt til eldre, byrjar å vise effekt, opplyser Folkehelseinstituttet.

– Vi ser minkande smitte hos dei aller eldste, både når det gjeld smitte og risiko for innlegging og vi trur det er starten på ein effekt av den tredje dosen, seier FHIs vaksinesjef Geir Bukholm til VG.

Helsestyresmaktene har håp om å gi alle over 65 år ein oppfriskingsdose før jul, medan FHI òg opnar for å tilby det til alle over 45 år.

Bukholm seier det framleis er tidleg og at effekten av oppfriskingsdosane er noko dei følgjer nøye med på.

(©NPK)

Ein dose Pfizer-vaksine på eit vaksinesenter på Filippinene. Foto: Aaron Favila / AP / NTB